Startside       Kroppen min       Røyk/rus           Profilar         Aktivitetar        Spør lege/helsesøster  
              "
     Popit
                    
                Seig
     UPUNKT
                  Olga

                  MP3
      VG-lista

   
10
i skuddet

        Bergen kino

               klara klok

     Klar melding
 

    Humor & kanari



                       Sone 2
    


     

 

Hjelp, vi har ein ungdom i huset!
Av helsesyster Ann Heidi Skjørsæter

 

Det er kanskje lett å tru at når borna har blitt ungdom treng dei ikkje foreldra meir, men det er vel heller slik at dei treng dykk på andre måtar enn tidlegare.
Mange foreldre strevar med å klargjere sine eigne haldningar til dei unge og deira haldningar. Det blir viktig å finne eit kompromiss mellom kva de kan godta og ikkje godta. Uro i familien er ofte ikkje til å unngå og dei fleste unge vil teste ut grensene til foreldra.

Ungdommens raske pendling mellom barnsleg åtferd og krav om å bli tatt på alvor som vaksne, kan bli ei stor belastning for familien. Samtidig ynskjer ungdomen å bli behandla som jevnbyrdig, og ikkje som barn lenger. Noko av det beste de foreldre kan gjera er å  ta omsyn til denne umodne sida og vise støtte og forståing. Dessutan er det viktig for den unge å føle seg nyttig og verdsett, samt å føle at de er glad i dei og bryr dykk. De bør også vise interesse for kva ungdommane er opptekne av, framtidsplanar og vennegjengen.
  Det er viktig at de foreldre føler ansvar og føler at de har mogelegheit til å kunne påverke dei unges liv. Det er ikkje lett å vere roleg, vise forståing og vera tålmodig når ungdommen har eit ustabilt humør, slamrar med dørene og kranglar om bagatellar. De foreldre saman med bl.a. skulen, skulehelsetenesta, idrettsklubbane o.l.  står saman om å støtte ungdommen. Her blir det viktig å prøve å sjå det frå ungdommen sin ståstad.

 
  Materielt sett har vel ikkje dei unge hatt det betre, men likevel har dei sine problem. Ungdommen kan både få spiseforstyrring, byrje med rus og røyk, risikere å bli ufrivillig gravid og få kjønnssjukdomar og hamne i trafikkulykker. Vidare kan høge skulekrav og mobbing medføre både nedsett trivnad og depresjonar. Det er ikkje lett å bli satt utanfor gjengen og då treng ungdomen å vite at han har familien i ryggen.
Godt forhold mellom foreldre og ungdomar viser seg ved gjensidig respekt for kvarandre For stor ettergivnad eller autoritær haldning er ikkje noko godt utgangspunkt for den unges personligdomsutforming. Det gjeld å finne den gylne middelveg som i det meste elles. Uansett er vaksne rollemodellar for dei unge om de vil eller ei. Samhaldet er forandra sidan vi vaksne var ungdomar. Alle er så travle, få har tid å snakke saman og besteforeldregenerasjonen er også opptekne.
Ungdomstida er ein periode der dei unge går gjennom ein frigjeringsprosess, likevel er de foreldre dei viktigaste for ungdomane. De blir eit sikringsnett og eit referansepunkt, og dermed springbrettet for dei unge idet dei trer inn i dei vaksnes verd.
De og oss andre som står rundt ungdomane må altså hjelpe dei til å bli sjølvstendige og ta ansvar for deira handlingar. Lære dei å stå imot press og tørre vere seg sjølv. Ynskjer de foreldre å snakke med nokon kan de ta kontakt med lærar eller skulehelsesøster i første omgang.
Lykke til:)
 
  

  Lokale lenker:

  
   Kino
   
Bibliotek

  
    Radøyhallen

   Mangercup
  


   Andre lenker:


   Barneombodet
   
Utdanning

   
   Fakta om røyk
   Fakta om dop
   Fakta om alkohol
 
   Samliv.net gir deg
    info.om det meste

     

 
 


Design: MAM
Teikning: Torje Sæbø