Startside       Kroppen min       Røyk/rus           Profilar         Aktivitetar        Spør lege/helsesøster  
              "
     Popit
                    
                Seig
     UPUNKT
                  Olga

                  MP3
      VG-lista

   
10
i skuddet

        Bergen kino

               klara klok

     Klar melding
 

    Humor & kanari



                       Sone 2
    

     



Pubertet og utvikling av personligheten/identiteten
Av helsesyster Ann Heidi Skjørsæter

Kva er pubertet?
Pubertet kallast den tida då dykk går frå å vere eit barn til å bli ungdom og vaksen. Alt dette vert styrt av hormon og gen - stoff som fins i kroppen dykkar. Jentene kjem vanlegvis i puberteten frå ca. 10-11 års alderen, og gutane eit par år seinare.
I løpet av denne tida skjer det store fysiske endringar i kroppen dykkar i tillegg til at tankar og følelsar blir annleis.
 
  Kva skjer med jentene i løpet av puberteten? Den vanlegaste utviklingsrekkjefølgje når jentene kjem i puberteten er at brystene veks og brystvortene blir meir utståande. Det kjem hår nedantil og under armhola, og sveittekjertlane utviklast slik at det er viktig med god hygiene.
Utflod frå skjeden er
også vanleg og den
skal vere kvit, nesten
blank og ikkje lukte.
Kviser og urein hud
er vanleg hos både
jenter og guter og
skyldas hormona.
Det fins kremar å
smøre på og i tillegg
hjelper det med frisk luft,
mosjon og eit sunt kosthald. I tillegg blir bekkenet og hoftene breiare, og det er fordi at de skal kunne bere fram eit barn ein gong.
Menstruasjon - kva er det?
Det byrjar med eggløsning, dvs. at eit egg løsnar frå den eine eggstokken og beveger seg gjennom eggleiaren til livmora. Slimhinna i livmora veks og viss ikkje egget har blitt befrukta vert slimhinna avstøytt som menstruasjon.
Kva skjer med gutane i løpet av puberteten? De gutar kjem i stemmeskifte (nokon gonger pipande stemme, så djupare), musklane veks og skuldrene blir breiare. Det kjem skjeggvekst i ansiktet og hår i armholer og rundt penis og pungen. Testiklane som ligg i pungen produserer sæd som gjør at de fysisk sett kan bli far. Det kan ofte skje ufrivillig reisning og sædutløysning også når du søv. I tillegg fører utviklinga av sveittekjertlar til stram sveittelukt, så husk å ha god hygiene.
 

 
  Puberteten eller ungdomstida dreiar seg ikkje berre om de forandringar som skjer med kroppen dykkar. Tankar og følelser blir også annleis og dette kan føre til sterke svingingar i humør og følelsesliv. Dette kan skape uro og frustrasjon hos dykk sjølve og hos dei som er rundt dykk. Men det er normalt og betyr berre at de  held på å bli sjølvstendige både i tankar og handlingar. Det er viktig for dykk å ha nokon å snakke med om dette og andre ting de lurer på. Tenkjer fyrst og fremst på foreldra dykkar, men også vener, lærar, sosionom og helsesyster er folk de kan gå til.

Puberteten er ei tid full av motsetnadar der de som ung er preget av vekslande følelsar, fordi på den eine sida er de born og på den andre sida vaksen. I denne tida blir de naturleg nok opptekne av forelsking, utsjånad og kropp.
Det vil difor vere naturleg at de markerar avstand til forelda dykkar for å finne ut kven de er. Denne lausrivinga kan skape protestar mot foreldra sine oppfatningar og meiningar, og føre til krangling om bagatellmessige ting. De kan likevel ikkje berre gjere det de har lyst til i løpet av denne prosessen, men innrette dykk etter reglar om det er på skulen eller andre stader.
Leiting etter identitet kan føre til at du blir usikker, og de føler kanskje at de er avhengig av reaksjonar frå andre både i forhold til klede og fritidssyslar. Fellesskapet med jamaldrande styrkar sjølvtilliten og når de likner kvarandre i klesstil, interesser og handlemåtar vil kanskje usikkerheita reduserast. Det er heilt naturleg at de svingar frå å vera sterkt sjølvopptatt til sterk innleving i verda kring dykk. Mange av dykk er også opptekne av storpolitiske spørsmål.
I løpet av ungdomstida skal de finne ut kven de er, kva som er viktig for dykk, interesser, livsstil og satse på eit framtidig yrke. De skal altså bli sjølvstendig og bevisst, og kunne ta ansvar for det de gjer. Det er naturleg at de vil eksperimentere og prøve ut ting, men husk at mykje av disse handlingane vil føre til konsekvensar vidare i det vaksne liv.
 

Vil du veta meir om mellom anna pubertet? Klikk innom  samliv.net
eller: for jenter, for gutar.

Spør helsesyster Ann Heidi.

  

  Lokale lenker:

  
   Kino
   
Bibliotek

  
    Radøyhallen

   Mangercup
  


   Andre lenker:


   Barneombodet
   
Utdanning

   
   Fakta om røyk
   Fakta om dop
   Fakta om alkohol
 
   Samliv.net gir deg
    info.om det meste

     

 
 


Design: MAM
Teikning: Torje Sæbø