Startside       Kroppen min       Røyk/rus           Profilar         Aktivitetar        Spør lege/helsesøster  
              "
     Popit
                    
                Seig
     UPUNKT
                  Olga

                  MP3
      VG-lista

   
10
i skuddet

        Bergen kino

               klara klok

     Klar melding
 

    Humor & kanari



                        Sone 2
    


     



S
panande og farleg
av elevar ved Radøy ungdomskule
 

Me snakkar om rus. Mange kan finne det spanande å prøve noko nytt. Kanskje gjeld det røyk, alkohol, og i meir alvorlege tilfeller dop. Har du prøvd noko av dette??? Det er kanskje godt første gongen, men når du er avhengig er det ikkje så kult lenger.
 Me er to ungdommar som skriv dette her. Me veit sjølv kor spanande det kan
vere. 
Når du står der med flaska i handa tenkjer du ikkje på farene, sjølv om du har høyrt mange gongar kor farleg det er. 
 
Blir du pressa? Du har kanskje opplevd at folk spør deg om du vil ha ein røyk.
Du står der med resten av gjengen, og alle røykjer. Du seier først nei litt
nølande, men dei andre fortsett å mase på deg. Du har høyrt mange ganger at det er farleg, og hadde eigentleg bestemt deg for at du skulle ikkje byrje å røyke. Men dei andre røykje jo. Og det har jo ikkje skjedd noko med dei.
Det gjer jo ingen ting om du tar ein røyk no...?
Me seier ikkje at det er farleg å ta ein røyk. Og me seier heller ikkje at du blir avhengig av ein røyk. Men tar du den eine røyken mange nok gangar, kjenner du snart suget. Dette er det same med alle rusmiddel. 
 

Me har sett litt på fordelane med å røykje

-Du føler deg utruleg «kul»
-Kondisen blir dårlegare, men å ha 15 sek som rekordfart på 60 meteren er jo berre sexy!!!
-Etter ein stund  blir fingertuppane dine gule
-Og sjansen for å døy tidleg blir stor!!!
Du vil vel ikkje å glipp av dette, eller...?

 
 

Fire på skulen:

Viss du drikk, kvifor?

Jente 15:
Eg drikk på fester fordi alle venane mine gjer det. Det har ingenting med press å gjere, eg velger det sjølv. 

Gut 15:
Eg drikk fordi alle dei andre gjer det. Det er ikkje press, men eg vil ikkje vere den
einaste som er edru. 

Gut 14:
Fordi det er supert. Det er heilt flott, og så blir eg lettare
kjend med damene. 

Jente 15:
Då kan eg koble av, og
ikkje tenkje på problem.

 

Me vil sjølvsagt også at de ikkje må gløyme at det er forbode å drikke, det er forbode å røyke før du er 18. Det er IKKJE stilig å utfordre desse grensene. Det er forbode. Det er også forbode å kjøpe eller selge til nokon under 18.Viss du først byrjar å røyke er det mykje vanskelegare enn du kanskje tror å slutte. Det går hardt utover kondisen din, helsa di og økonomien din.

 Ingen kan tvinge dykk til å ikkje bruke noko slags rusmiddel, men ingen kan tvinge dykk til å gjere det heller. Stå i mot press, og tenk med hovudet.

HUGS:
Den som ikkje står for noko, fell for kva som helst!!!!!!!!!

   

  Lokale lenker:

  
   Kino
   
Bibliotek

  
    Radøyhallen

   Mangercup
  


   Andre lenker:


   Barneombodet
   
Utdanning

   
   Fakta om røyk
   Fakta om dop
   Fakta om alkohol
 
   Samliv.net gir deg
    info.om det meste

     

 
 


Design: MAM
Teikning: Torje Sæbø